RMS «Lusitania»
| RMS «Lusitania» | |
|---|---|
| Type: | Fireskorstensskip |
| Eigar: | Cunard Line |
| Registreringshamn: | Liverpool |
| Verft: | John Brown & Company |
| Byggjenummer: | 367 |
| Dekkbreidde: | 26,52 meter |
| Djupgang: | 18,4 meter |
| Fart: | 26,7 knop |
| Passasjerar: | 3 125 passasjer |
RMS «Lusitania» var eit britisk skip eigd og drive av Cunard Line. Det blei sjøsett i 1906 og senka av ein tysk undervassbåt i 1915. Hendinga bidrog til at USA gjekk med i den fyrste verdskrigen.
RMS «Lusitania» var eit postskip, Royal Mail Ship, som var oppkalla etter den romerske provinsen Lusitania, som er del av dagens Portugal. Det byrja jomfruturen sin 7. september 1907, og sigla mellom Liverpool og New York med stopp ved Queenstown (no Cobh) i Irland på veg vestover og Fishguard i Wales på veg austover. I 1907 vann det Atlanterhavets blå band med ein overfart på 4 dagar, 19 timar og 53 minutt.
RMS «Lusitania» blei senka av ein tysk undervassbåt den 7. mai 1915. Totalt omkom 1 198 menneske, av dei 128 amerikanske statsborgarar. I USA vekte senkinga stor forarging, og var tydeleg eit stort strategisk feilgrep av Tyskland.
Forløp
[endre | endre wikiteksten]



Berre få dagar etter utbrotet av fyrste verdskrigen, den 28. juli 1914, slutta Storbritannia seg til den franske-russiske sida, Ententen (som seinare òg blant anna Italia blei med i). Storbritannia byrja ein marin blokade mot Tyskland som blei gjort strengare etterkvart som krigen utvikla seg. Keisardømmet Tyskland svarte med eit nytt våpen, ubåtar, som fekk i oppgåve å senka alle fartøy som segla under flagget til Storbritannia eller allierte av dette landet innanfor ei viss sone, i prinsipp det austlege Atlanterhavet.
Den tyske ambassaden i Washington, D.C. hadde sett inn ei åtvaring i alle dagsaviser som annonserte skipsruter, der det klart og tydeleg stod at òg passasjerfartøy på veg til Storbritannia eller allierte risikerte å bli torpederte. Før senkinga av «Lusitania» tok mange denne åtvaringa som ein tom trussel.
Skipet segla frå New York 1. mai 1915 med 1 257 passasjerar og eit mannskap på 702 ombord. På grunn av kolrasjonering under krigen hadde skipet ein maksimal fart på 21 knop på denne overfarten, som hadde Liverpool som endemål.
«Lusitania» gjekk parallelt med den irske sørkysten og var om lag 11 miles utanfor Old Head of Kinsale då det blei oppdaga av den tyske ubåten U-20. Ubåtkapteinen Walther Schwieger gav ordre om å fyra av ein torpedo. Denne råka skipet. Kort etter følgde ein neste eksplosjon frå det indre av «Lusitania», der torpedoen hadde truffe, og skipet la seg no raskare over.
Skipet sokk i løpet av 18 minutt. 1 198 menneske som var ombord omkom. Etter to timar var 761 overlevande blitt tekne opp frå sjøen og frå dei seks livbåtane ein hadde klart å låra.
Dei fleste av dei omkomne var britar eller kanadiarar. Men av særleg tyding var det at 128 av dei 197 amerikanske borgarane ombord omkom.
Legitimt eller illegitimt krigsmål?
[endre | endre wikiteksten]Den 8. mai offentleggjorde dr. Bernhard Dernburg, ein uoffisiell tysk talsmann og tidlegare tysk kolonialsekretær, ei fråsegn om at «Lusitania» var eit legitimt krigsmål ettersom det «frakta krigskontrabande» og var klassifisert som ein «hjelpekryssar». Han viste også til at den tyske ambassaden hadde publisert krigssoner. Han viste til at lastemanifestet nemnde ammunisjon og militærgods. Amerikansk presse offentleggjorde lastemanifestet som stadfesta påstanden.
Den tyske utanriksministeren Gottlieb von Jagow heldt fast ved at «Lusitania» var eit legitimt militært mål. Britane nekta for påstanden.
President Wilson heldt fram med å fortalde at tyskarane skulle beklaga senkinga. Den amerikanske utanriksministeren William Jennings Bryan forkynte for Wilson at
- «ships carrying contraband should be prohibited from carrying passengers ... (It) would be like putting women and children in front of an army.»
Ubåten
[endre | endre wikiteksten]Ubåten U-20 var ein moderne, tysk konstruksjon med dieselaggregater bygd i 1913. Han hadde eit mannskap på 32. Ubåten gjekk seinare på grunn vest av Jylland den 4. november 1916. Då det var umogleg å få han laus, valde mannskapet å sprenga båten dagen etter.
Politiske konsekvensar
[endre | endre wikiteksten]Skipsføraren for «Lusitania», William Thomas Turner, overlevde katastrofen, og det britiske admiralitetet prøvde å få han dømt for ei lang rekkje brotsverk. Dommaren ved sjøforklaringa frikjende likevel Turner på alle punkta. Likevel gjekk han med på ønsket til admiralitetet om å offisielt angi talet på torpedotreff til minst to, kanskje tre. På dette viset avslørte ein ikkje den omfattande våpen- og ammunisjonslasta, noko som kunne ha gjort «Lusitania» til eit legitimt mål.
Då 128 av dei drukna var amerikanarar, førte katastrofen til at kravet om at USA skulle tre inn i første verdskrigen blei lagt fram for fyrste gong. Den amerikanske utanriksministeren William Jennings Bryan frykta at USA skulle erklæra krig, og sa frå seg embetet i protest. Men president Woodrow Wilson ville framleis ikkje gå inn i krigen. I staden sende han ein formell protest til Tyskland. Wilson blei kritisert i Storbritannia for å vera feig, og ein granat som ikkje eksploderte blei frå då av og ei tid framover kalla ein «wilson».
For Tyskland var senkinga av «Lusitania» ein liten taktisk suksess, men eit gigantisk strategisk mistak.[1]
Britisk propaganda
[endre | endre wikiteksten]Det var i britisk interesse å opphissa amerikanarane, så britane dikta opp ei historie om at i nokre region i Tyskland fekk skulebarn ein fridag for å feira senkinga av «Lusitania». Denne historia var så effektiv at James W. Gerard, som var amerikansk ambassadør i Tyskland, nemnde henne i memoarane sine om tida si i Tyskland, Face to Face with Kaiserism (1918), sjølv om historia var reint oppspinn.[2]
Seinare hendingar
[endre | endre wikiteksten]I september 1915 bestemde Tyskland seg for å innstilla ubåtkrigen. Han blei likevel gjenoppteken i februar 1917. Deretter erklærte USA krig mot Tyskland den 6. april 1917.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ EB 2010, bind 29, s. 969
- ↑ Quinn, Patrick J. (2001). The Conning of America. Rodopi. s. 54–55. ISBN 904201475X.
- Denne artikkelen bygger på «RMS «Lusitania»» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mai 2026.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Thomas A. Bailey, Paul B. Ryan: The Lusitania Disaster: An Episode in Modern Warfare and Diplomacy. Free Press/Collier Macmillan, New York/London 1975, ISBN 0-02-901240-6.
- Robert Ballard, Spencer Dunmore: Exploring the Lusitania. Probing the Mysteries of the Sinking that Changed History. Warner Books/Weidenfeld & Nicolson, New York/London 1995, ISBN 0-297-81314-5
- Robert Ballard , Ken Marschall: Lost Liners. From the Titanic to the Andrea Doria. The ocean floor reveals its greatest lost ships.
- Gary Gentile: The Lusitania Controversies. 2 Bind, Gary Gentile, Philadelphia:
- Bind 1: Atrocity of war and a wreck-diving history. 1998, ISBN 1-883056-06-3
- Bind 2: Dangerous descents into shipwrecks and law. 1999, ISBN 1-883056-07-1.
- Des Hickey, Gus Smith: Lusitania. Die Chronik der letzten Fahrt des Ozeanriesen. Scherz, München 1983, ISBN 3-426-03761-0.
- Willi Jasper: Lusitania. Kulturgeschichte einer Katastrophe. be.bra verlag, Berlin 2015, ISBN 978-3-89809-112-1.
- Erik Larson: Dead Wake. The Last Crossing of the Lusitania. Crown Publishing, New York 2015, ISBN 9780307408860.
- J. Kent Layton: Lusitania: An illustrated biography of the ship of splendor. Lulu Press, 2007, ISBN 978-1-4303-1962-7.
- Diana Preston: Wilful Murder: The Sinking of the Lusitania. Doubleday, London 2002, ISBN 0-385-60173-5
- David Ramsay: Lusitania. Saga and Myth. W. W. Norton & Company, New York 2002, ISBN 0-393-05099-8.
- Eric Sauder: RMS Lusitania. The Ship and Her Record. Stout, Gloucestershire 2009, ISBN 978-0-7524-5203-6.
- Alexander Sedlmaier: Deutschlandbilder und Deutschlandpolitik. Studien zur Wilson-Administration (1913–1921). Franz Steiner Verlag, Stuttgart 2003, ISBN 3-515-08124-0.
- Colin Simpson: Die Lusitania. oversatt av Hermann Stiehl, S. Fischer, Frankfurt 1973, ISBN 3-10-074401-2.
- Patrick O'Sullivan: Die Lusitania: Mythos und Wirklichkeit. Mittler, Hamburg 1999, ISBN 3-8132-0681-5.
- Claes-Göran Wetterholm: Lusitanias undergång, Bokförlaget Prisma (Stockholm 2005), ISBN 91-518-4438-9