close
nærbilete

Teger kan ha mange ulike former og mange ulike måtar å leve på. Randtegen syg plantesaft frå mellom anna frø.

Foto av tege
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Teger er ein type insekt. Dei liknar litt på biller, men kroppen er flat og har ein tydeleg trekant på ryggen.

Det finst om lag 70 000 artar teger i verda og 490 artar i Noreg. 438 av artane lever på land, medan 52 artar lever i vatn.

Beskriving

insekt på ein stilk

Vasskorpionar er teger som lever i ferskvatn. Frambeina ser ut som klør og har gitt vasskorpionen namnet sitt.

Foto av tege
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Teger har svært ulik storleik og kroppsform. Dei kan vere 1–120 mm store. I Noreg er stavtega eit av dei største insekta. Ho kan bli 70 mm.

Teger har dekkvenger som halvvegs dekker det andre paret med venger. Dei ligg som eit kryss på bakkroppen. Kroppen kan ha fargerike mønster eller fargar som skjuler tegene i omgjevnadene. Vassteger har kortare følehorn enn teger som lever på land.

Felles for teger er at dei har ein lang, tynn munn som dei stikk inn i andre dyr eller planter og syg ut næring.

Mange teger har kjertlar med eit stoff som luktar sterkt. Dette bruker dei til å forsvare seg med. Bærtege er eit døme på ei tege som gjer dette. Ho lever på frukt og bær og blir kalla for «bærfis». Dette er fordi ein nokre gonger kan kjenne denne lukta når ein plukkar bær. Bærtega har då blitt forstyrra av bærplukkinga og sloppe ut vond lukt for å skremme.

Levevis

insekt som ser ut som ein pinne sit på grøne plantar

Stavtege er eit av Noregs største insekt og kan bli 70 mm lange. Stavteger er rovdyr som bruker overrasking for å fange byttedyr. Dei gøymer seg i vassplantar og fangar byttet med det fremste beinparet. Dei likar best å ete små vassinsekt og rumpetroll.

Foto av stavtege
Av /Shutterstock.

Teger lever av flytande mat som dei syg opp gjennom ein spiss, stiv snabel. Dei fleste et planter, men nokre kan vere rovdyr eller blodsugande parasittar. Dei artane som syg plantesaft kan nokre gongar spreie sjukdom frå ei plante til ei anna.

Dei fleste teger lever på land, men nokre lever i eller på vatnet. Vassløparar er avlange rovinsekt som lever på vassflata. Dei kan gå på vatnet. Dei har tusenvis av bittesmå hår nedst på dei lange beina sine. Håra fangar luftbobler som gjør at dei kan gå oppå vassflata. Det finst også nokre få teger som lever på havet.

Buksymjarar og ryggsymjarar lever nede i vatnet. Vasskorpion er ei stor, flat tege som ser ut som ho har store klør. Ho har eit rør bak på rumpa som ho bruker til å puste gjennom.

Veggedyr er teger som syg blod frå menneske. Veggedyr er vanleg innandørs over heile verda og spreier seg med menneske når dei reiser.

Formeiring

insekt av ulik storleik på eit kvitt ty

Veggedyr er parasittar som kan fylgje med bagasjen når ein er ute og reiser. Veggedyr syg blod av menneske, og stikka kan klø.

Foto av veggedyr
Av /Shutterstock.

Teger har ufullstendig forvandling frå unge til vaksen. Nymfene til tegene blir klekte frå egg og liknar på dei vaksne. Nymfene må skifte hud fleire gonger før dei er vaksne.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Image
Lene Martinsen
Ph.d. i evolusjonsbiologi og genetikk, Oslo universitetssykehus