close
Hopp til innhald

Arbeidarpartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå AP)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Arbeidarpartiet (fleirtyding).
Arbeidarpartiet
Image
LandNoreg
Partileiar(ar)Jonas Gahr Støre
GeneralsekretærKari-Anne Opsal[1]
Grunnlagt22. august 1887
HovudkvarterOslo
Ungdomsorg.Arbeidarane si ungdomsfylking
Medlemstal48 444 (2022)[2]
Ideologisosialdemokrati Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrum-venstre
Farge             Raud
Slagord«De store oppgavene løser vi best sammen»
Ordførarar
201 / 428
Kommunestyre-
representantar
3 460 / 10 620
Fylkestings-
representantar
277 / 777
Stortings-
representantar
49 / 169

Arbeidarpartiet (Ap) er eit norsk sosialdemokratisk politisk parti. Partiet vart skipa i Arendal i 1887 og har vore det største norske politiske partiet ved alle stortingsvala sidan 1927. Leiaren for partiet er Jonas Gahr Støre, nestleiarar er Tonje Brenna og Jan Christian Vestre, medan Kari-Anne Opsal er partisekretær.

I 2021 danna partiet regjering med Jonas Gahr Støre som statsminister. Partiet fekk ved stortingsvalet i 2025 inn 53 av 169 mandat.

Partiet heitt fram til 2011 Det norske Arbeiderparti (DNA). Ungdomsorganisasjonen til partiet heiter Arbeidarane si ungdomsfylking (AUF), med Gaute Børstad Skjervø som leiar.

Frå starten til andre verdskrigen

[endre | endre wikiteksten]

Det norske Arbeidarparti (DNA) blei danna på eit møte i Arendal i 1887, etter mønster frå dansk og tysk sosialdemokrati. Dei mest framståande personane i partiet var Christian Holtermann Knudsen og Carl Jeppesen. Mellom programpostane var allmenn røysterett. I 1889 fekk partiet sitt program ei sosialistisk målsetjing. Partiet var både fagleg landsorganisasjon og politisk parti fram til 1899, da «Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon» (no LO) blei skipa. Dei første stortingsrepresentantane frå DNA blei valde inn frå Troms i 1903.

I åra før og under første verdskrigen voks det fram ei radikal venstrefløy i fagrørsla og Arbeidarpartiet kalla fagopposisjonen av 1911. Dette hadde samanheng med den raske industrialiseringa, og med det dei mange anleggsarbeidarane som ville ha ei tøffare linje. Leiaren for den radikale fløya i partiet var trønderen Martin Tranmæl.

Den radikale fløya i Arbeidarpartiet fekk fleirtal på landsmøtet i 1918, der dei vedtok at partiet ikkje nødvendigvis ville respektere samfunnsordninga slik ho var sjølv om eit folkefleirtal stod bak ho. I 1919 gjekk Arbeidarpartiet inn i Den kommunistiske Tredje Internasjonalen (Komintern), og i 1920 godtok fleirtalet i partiet dei såkalla «Moskvatesene», dei autoritære opptaksvilkåra Komintern hadde vedteke. Dette førte til kløyving av partiet, og dei prinsipielle sosialdemokratane danna Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti (NSA) i 1921. Olav Oksvik frå Møre og Romsdal var ein sentral personlegdom i dette partiet.

Den politiske gruppa Mot Dag, stifta i 1921 og i hovudsak med intellektuelle medlemmar, var frå starten av tilslutta partiet, og tok sikte på å utgjera ein revolusjonær elite. Men i 1925 blei gruppa ekskludert frå partiet, gjekk inn i Norges kommunistiske parti (1926-28) og var til slutt uavhengig til ho blei oppløyst i 1936.

I 1923 hadde likevel Tranmæl og fleirtalet i DNA fått nok av Komintern. Dei trekte seg ut, sjølv om dei framleis ville vere «sympatiserande organisasjon». Dei som ville stå i Komintern, danna Norges Kommunistiske Parti, med Olav Scheflo som leiande person.

Det var no tre arbeidarparti i landet, og LO, som ikkje var blitt kløyvd, såg dette som svært uheldig. I 1927 gjekk DNA og NSA etter press frå LO saman att. Eit absolutt krav frå NSA var at prinsippet om folkefleirtalet blei slått fast. Ved valet same året blei partiet størst i landet. I 1928 skipa dei jamvel regjering med Christopher Hornsrud som statsminister, men denne regjeringa blei avsett av det borgarlege stortingsfleirtalet etter eit par veker.

Valet i 1930 blei eit tilbakeslag, da partiet sin relative del av røystene gjekk ned. Dette skuldast først og fremst ei kraftig mobilisering på borgarleg side, med den høgrenasjonalistiske organisasjonen Fedrelandslaget i brodden for agitasjonskampanjen mot arbeidarrørsla. Men også det at fleirtalet på landsmøtet i Arbeidarpartiet med Tranmæl i brodden hadde forlate prinsippet om folkefleirtalet att, gjorde at partiet stod lagleg til for hogg.

Men før valet i 1933 hadde Arbeidarpartiet konsolidert seg på ei demokratisk linje, og dessutan vedteke ein konkret politikk for å få det arbeidande folket i både bygd og by ut av den lammande økonomiske krisa. Med parolar som «By og land, hand i hand» og «Hele folket i arbeid» og med Johan Nygaardsvold i brodden, gjekk Arbeidarpartiet kraftig fram. Fleirtalet fekk dei ikkje. Men etter eit kriseforlik med Bondepartiet, som og var sterkt misnøgd med den økonomiske politikken til Venstre og Høgre, kunne Johan Nygaardsvold danne den første varige arbeidarpartiregjeringa i Noreg i 1935. Arbeidarpartiet gjekk fram også ved valet i 1936, men fekk heller ikkje no fleirtal åleine. Nygaardsvold-regjeringa heldt likevel fram, heilt til ho blei avsett ved den nazi-tyske invasjonen i 1940. Nygaardsvold-regjeringa og politikken deira førte til ei konsolidering av demokratiet i Noreg, ein begynnande økonomisk framgang og ny optimisme i folket, og la grunnen for den blandingsøkonomiske samfunnsmodellen og velferdsstaten vi har.

Frå 1945 til i dag

[endre | endre wikiteksten]

Trass i at borgarlege krinsar prøvde å gi arbeidarrørsla skulda for at Noreg ikkje hadde vore godt nok budd på det nazi-tyske åtaket i 1940, viste folket ved valet i 1945 kva politiske lærdommar folk flest trekte. For første gong blei det sosialistisk fleirtal på Stortinget. Arbeidarpartiet heldt stillinga frå det gode valet i 1936, og Norges Kommunistiske Parti fekk 11 % attåt etter at kommunistane hadde vore svært aktive i motstandskampen. Dei borgarlege gjekk tilbake.

Med Einar Gerhardsen som statsminister kunne Arbeidarpartiet byrja på ein periode på tjue år i regjering. Berre i ein kort periode fyrst på 1950-talet var Gerhardsen avløyst av Oscar Torp, også han frå DNA. Dette var ein stor framgangsperiode for landet, med økonomisk vekst, full sysselsetjing og jamleg meir velstand til dei aller fleste. Dei første gjenreisingsåra etter krigen var prega av nokså direkte politisk styring av økonomien og sosialisme, frå 1952-53 med meir indirekte verkemiddel og meir marknad i blandingsøkonomien.

Men samtidig var det ein periode med visse autoritære trekk, da den kalde krigen slo inn også i Noreg. Ikkje berre kommunistane, men også alle andre som ikkje utan vidare ville applaudere det dei vestlege stormaktene gjorde blei mistenkjeleggjorde. Innetter i Arbeidarpartiet heldt den mektige partisekretæren Haakon Lie eit strengt regime, som effektivt knebla debatten og opposisjonen i parti, fagrørsle og arbeidarpresse. I ettertid er det også blitt prova at det var ulovlege band mellom leiinga i DNA og overvakingspolitiet, slik at mange tusen menneske her i landet er blitt overvaka og delvis skadelidande på grunn av politiske meiningar, utan anna og gyldig grunn.

Dette var bakgrunnen for at nokre følte at ei ny avis måtte skipast av dei som var skeptiske til den offisielle kursen med full støtte til vestleg opprusting og jamvel vestleg imperialisme. Dette bladet kom til i 1953, og var avisa Orientering. Viktig drivkraft var journalisten og DNA-medlemmen Finn Gustavsen, og blant støttespelarane var prinsippfaste sosialdemokratar som Olav Oksvik og Christopher Hornsrud, folk som i 1948-49 hadde gått inn for eit nordisk forsvarsforbund, ikkje NATO. Orienteringskrinsen gjekk inn for eit tredje alternativ, korkje vestleg kapitalisme eller austleg stalinisme, men demokratisk sosialisme og motstand mot all imperialisme og atomopprusting.

Motstanden mot atomopprustinga og særleg uviljen mot å få atomvåpen på norsk jord, fekk tilslutning frå stendig fleire. Dette synte seg under det såkalla «påskeopprøret» i 1958, da unge DNA-medlemmer, mellom dei Berge Furre, fekk fleirtalet i stortingsgruppa til partiet til å skrive under på dette. Reaksjonen var sterk, og var den reelle grunnen til at Furre og fleire blei ekskluderte frå partiet.

Eksklusjonane og det at landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1961 ikkje sa klart nei til atomvåpen i Noreg, gjorde at eit nytt parti på venstresida blei skipa dette året. Partiet blei danna av i hovudsak tidlegare medlemmer i AUF og DNA, og fekk namnet Sosialistisk Folkeparti (SF). Dette var eit venstre-sosialdemokratisk parti som skilte seg frå Arbeidarpartiet ved at dei var mot atomopprustinga, mot vestleg imperialisme også, mot NATO og EEC/EF/EU, og for ein klarare sosialistisk kurs, meir lik den DNA sjølv hadde stått for under Nygaardsvold og dei første Gerhardsen-åra. SF var forløparen til dagens Sosialistisk Venstreparti, danna i 1975.

Frå ca 1965 har DNA og borgarlege koalisjonsregjeringar avløyst kvarandre her i landet. Stort sett stod dei alle for ein kurs som opprettheldt blandingsøkonomien og velferdsstaten i åra som følgde.

Frå 2005 til 2013 sat Ap i regjering med Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Dette var første gongen partiet delte regjeringsmakta med andre parti, bortsett frå åra 1940–1945, under og like etter andre verdskrig. Jens Stoltenberg var partileiar frå 2002 til 2014 og statsminister frå 2005 til 2013.[treng kjelde]

Ved stortingsvalet i 2017 fekk partiet 27,4 prosent oppslutning. Med ein tilbakegang på 3,5 prosentpoeng frå 2013 og eit tap på seks representantar var dette det nest dårlegaste valresultatet for partiet etter den andre verdskrigen og Arbeidarpartiet gjekk tilbake i alle fylka.[3]

Etter stortingsvalet i 2021 gjekk dei raudgrøne partiane inn i forhandlingar for å danna ny regjering. Under forhandlingane trakk Sosialistisk Venstreparti seg, som leda til at Senterpartiet og Arbeidarpartiet danna regjering åleine.[4] Resultatet av forhandlingane var Regjeringa Støre.[5] Tidleg 2025 gjekk Senterpartiet ut av regjering.[6] Rødgrøn side vant stortingsvalet seinare det året.[7]

Valhistorikk

[endre | endre wikiteksten]

Arbeidarpartiet si oppslutning stod på høgda dei første tiåra etter andre verdskrigen. Frå 1945 til 1961 hadde partiet reint fleirtal på Stortinget, det beste stortingsvalsresultatet kom i 1957, då Ap fekk 48,3 % av røystene. Arbeidarpartiet har tradisjonelt stått sterkast i byar og industristader og i det indre Austlandet. Dei siste tre tiåra har Hedmark og Oppland vore dei to fylka der Arbeidarpartiet har oppnådd den største oppslutninga.

Stortingsvalresultat 19062025
Årstal Prosent av røystene Mandat
1906 15,9 %
11 / 123
1909 21,5 %
11 / 123
1912 26,2 %
23 / 123
1915 32,0 %
19 / 123
1918 31,6 %
18 / 123
1921 21,3 %
29 / 150
1924 18,4 %
24 / 150
1927 36,8 %
59 / 150
1930 31,4 %
47 / 150
1933 40,1 %
69 / 150
1936 42,5 %
70 / 150
1945 41,0 %
76 / 150
1949 45,7 %
85 / 150
1953 46,7 %
77 / 150
1957 48,3 %
78 / 150
1961 46,8 %
74 / 150
1965 43,1 %
68 / 150
1969 46,5 %
74 / 150
1973 35,3 %
62 / 155
1977 42,3 %
76 / 155
1981 37,2 %
66 / 155
1985 40,8 %
71 / 157
1989 34,3 %
63 / 165
1993 36,9 %
67 / 165
1997 35,0 %
65 / 165
2001 24,3 %
43 / 165
2005 32,7 %
61 / 169
2009 35,4 %
64 / 169
2013 30,8 %
55 / 169
2017 27,4 %
49 / 169
2021[3] 26,3 %
48 / 169
2025[8] 28,0 %
53 / 169
  Kommunevalresultat 19282023
Årstal Prosent av røystene
1928 36,4 %
1931 36,0 %
1934 40,9 %
1937 43,4 %
1945 39,8 %
1947 38,2 %
1951 42,4 %
1955 43,4 %
1959 43,7 %
1963 45,8 %
1967 43,8 %
1971 41,7 %
1975 38,0 %
1979 35,9 %
1983 38,9 %
1987 35,9 %
1991 30,2 %
1995 30,5 %
1999 28,6 %
2003 27,5 %
2007 29,6 %
2011 31,7 %
2015 33,0 %
2019[9] 24,8 %
2023[10] 21,6 %
  Fylkestingsvalresultat 19752023
Årstal Prosent av røystene
1975 38,1 %
1979 36,0 %
1983 38,9 %
1987 35,9 %
1991 30,4 %
1995 31,3 %
1999 28,2 %
2003 27,0 %
2007 30,8 %
2011 33,2 %
2015 33,6 %
2019[11] 24,9 %
2023[10] 21,8 %

Partileiarar

[endre | endre wikiteksten]
  • Haakon Lie – Partisekretær i perioden 1945–1969.
  1. https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/kari-anne-opsal-fra-harstad-ny-partisekretaer-i-arbeiderpartiet-1.17369296.
  2. https://www.arbeiderpartiet.no/om/medlemstall.
  3. 1 2 «Valgresultat for Arbeiderpartiet», NRK (på norsk bokmål), henta 1. april 2026
  4. Carlsen, Helge (29. september 2021), «SV trekker seg fra regjeringssonderingene», NRK (på norsk bokmål), henta 1. april 2026
  5. Kolberg, Marit (14. oktober 2021), «Norge har fått ny regjering», NRK (på norsk bokmål), henta 1. april 2026
  6. Birkelund, Helge Rønning (30. januar 2025), «Senterpartiet går ut av regjeringen», frifagbevegelse.no (på norsk bokmål), henta 1. april 2026
  7. Farestvedt, Ingrid Bjørndal (8. september 2025), «Rødgrønn side vinner stortingsvalget 2025», NRK (på norsk bokmål), henta 1. april 2026
  8. «Valgresultat 2025», NRK (på norsk bokmål), henta 1. april 2026
  9. Valgdirektoratet, Kilder:; Nilsen, Kartverket Av: Sondre; Bakken, Jari; Pedersen, Martin; Engan, Øyvind; Forberg, Mads Erik; Byermoen, Tom; Nilsson, Jarle Brenna og Jonas, «Valgresultat - Valg 2019», VG (på norsk), henta 1. april 2026
  10. 1 2 «Valgresultat for Norge – Valg 2023», NRK (på norsk bokmål), henta 1. april 2026
  11. Valgdirektoratet, Kilder:; Nilsen, Kartverket Av: Sondre; Bakken, Jari; Pedersen, Martin; Engan, Øyvind; Forberg, Mads Erik; Byermoen, Tom; Nilsson, Jarle Brenna og Jonas, «Fylkesvalget - Valgresultat - Valg 2019», VG (på norsk), henta 1. april 2026

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Image Commons har multimedium som gjeld: Arbeidarpartiet