E-serie

E-serie er standardiserte komponentverdiar innan elektronikk, og vert nytta for motstandsverdi, kapasitansen til kondensatorar og induktansen til spolar. Reversspenninga til zenerdiodar fylgjer òg som oftast ein E-serie. Standarden er utarbeidd av IEC og har nummeret IEC60063[1].
Avstanden mellom verdiane er omtrent like stor på ein logaritmisk skala, som vist i fig. 1. Kvar dekade er delt inn i trinn på 3, 6, 12, 24, 48, 96 eller 192 verdiar, kalla E3, E6, E12, E24, E48, E96 og E192, med toleransar på 40 %, 20 %, 10 %, 5 %, 2 %, 1 % og 0,5 %. E192-serien vert òg nytta for toleransane 0,25 % og 0,1 %.
Verdiane kjem fram som m-th-rota av :
-
(1)
der er eit av tala (3, 6, 12, 24, 48, 96, 192) og er eit av tala vert avrunda til 2 siffer (E3, E6, E12, E24) eller 3 siffer (E48, E96, E192).
Tabell 1 syner dei offisielle verdiane. Dei offisielle verdiane i E48- og E96-seriane stemmer med verdiane frå (1), men dei andre seriane (E3, E6, E12, E24, E192) har ein eller fleire verdiar som ikkje stemmer heilt med desse verdiane.
|
|
|