close
Hopp til innhald

Harrogate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harrogate
by
Harrogate gravmonument.
Foto: DS Pugh
Land  England
Region North Yorkshire
Distrikt Harrogate
Folketal 73 576 (2011)[1]
Postnummer HG1, HG2, HG3, HG5
Retningsnummer 01423
Kart
Harrogate
53°59′31″N 1°32′16″W / 53.991944444444°N 1.5377777777778°W / 53.991944444444; -1.5377777777778
Wikimedia Commons: Harrogate

Harrogate er ein by i North Yorkshire i England i Storbritannia med omtrent 70 000 innbyggjarar. Byen er mest kjend som spastad. Distriktet rundt byen har omkring 150 000 innbyggjarar og i lag med Knaresborough dannar han eit byområde på kring 85 000 innbyggjarar.

Byen blir første gongen nemnt på byrjinga av 1300-talet. Han blir då nemnd i ei tingbok som ein liten by. Busetnaden var lengje delt mellom Low Harrogate og High Harrogate. I High Harrogate møttest to relativt viktige vegar, noko som gjorde at det mellom 1400 og 1549 fanst eit kapell der, men elles var det ein stad det skjedde lite i.

Det var først i 1571, då William Slingsby oppdaga den første av kjeldene til byen, The Tewit Well, at byen byrja å vekse. Ved å fortelje om kjeldene til sine medisinsk kunnskapsfulle vener vart ryktet om eigenskapane til desse spreidd.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Harrogate