Juba
Utsjånad
| Juba | |||
| hovudstad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Høgd | 550 m | ||
| Areal | 52 km² | ||
| Folketal | 500 088 (2025)[1] | ||
![]() Juba 4°51′14″N 31°34′57″E / 4.8538888888889°N 31.5825°E | |||
| Wikimedia Commons: Juba | |||
Juba er hovudstaden i Sør-Sudan, der regjeringa har hovudsete. Han ligg ved Den kvite Nilen, ikkje så langt nord for grensa til Uganda.
I 2011 hadde Sør-Sudan ei folkerøysting om lausriving frå Sudan, og Juba fekk status som hovudstad då landet vart sjølvstendig den 9. juli 2011.
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]I 2005 hadde Juba 163 442 innbyggjarar. Ei folketeljing i 2008 vart avvist av den sørsudanske regjeringa, men folketalet blei då estimert til rundt 230 000 innbyggjarar. I dag er Juba ein av dei raskaste veksande byane i verda, takka vere ein stadig større oljeindustri og kinesiske kontraktarbeidarar som kjem for å jobbe.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Juba Population 2025» (på engelsk). Henta 14. juli 2025.
- Denne artikkelen bygger på «Juba (Sør-Sudan)» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.

