close
The Wayback Machine - https://web.archive.org/web/20061213023458/http://hassafon.nvg.org:80/
Klikk her for å lære kva berakhá du seier når du ser nordlyset.
Click here to learn what berakhá to say when you see the northern light.

Kva seier du når du ser nordlyset?

Ei side frå Kaufmann-haggadáen.
A page from the Kaufmann Haggada

Kva er pesaḥ eller jødisk påske?

The Amsterdam Esnoga. Painting by Emanuel de Witte.

Who are the Spanish and Portuguese Jews?

Image

Nynorsk | Bokmål | English | Português | Castellano

Norsk (→ nynorsk ←) (→ bokmål ←)

Hassafon er ein nettressurs for jødisk religion og kultur. Det primære kulturelle og språklege rammeverket er tradisjonell sefardisk kultur frå Nordvest-Europa, men asjkenazisk kultur (særleg i sine skandinaviske utgåver) og jiddisch blir òg inkludert — og det langsiktige målet er å utvikle ein mest muleg komplett ressurs for dei variantane av jødedommen som har historie i Skandinavia og nærområda. Det religiøst-politiske rammeverket er tradisjonell rabbinsk jødedom, inkludert tradisjonell-egalitær jødedom. Sjølv om dette tyder at utgangspunktet her ligg i området kring moderne-ortodoks og masorti jødedom, så legg vi vekt på at alle ståstader innanfor jødisk religion skal vera fordomsfritt og rettferdig representerte — frå progressiv jødedom til ḥaredisk jødedom, frå jødisk fornying til karaittisk jødedom og samaritansk religion.

I nokon grad blir òg dei religionane og livssyna som ligg nærmast opp til jødedommen behandla; dette gjeld særleg dei nærskylde monoteistiske religionane sikhisme, bahá’í og islām.

Nettstaden starta opphavleg som ei lenkjesamling under namnet «Skrivarstuå Judaica» sist i 1990-åra. Sidan den tid har innhaldet vorte lagt gradvis over til sjølvstendige artiklar, og med lanseringa av wikiversjonen den 20. januar 2006 har Hassafon sett seg som mål å vera eit fullverdig og sjølvstendig jødisk oppslagsverk i utvida leksikonformat.

English (→ click here ←)

Hassafon is an Internet resource for Jewish religion and culture. The primary cultural and linguistic framework is traditional Sephardi culture from Northwestern Europe, but Ashkenazi culture (especially in its Scandinavian variety) and Yiddish are also included. The long-term goal is to develop a relatively complete resource for those varieties of Judaism which are part of the history of Scandinavia and the neighbouring areas. The religious framework is traditional Rabbinic Judaism, including traditional-egalitarian Judaism. Even though this means that the point of departure on Hassafon is Masorti (Conservative) to Modern Orthodox Judaism, we aim to present all main denominations and movements within Jewish religion — from Progressive Judaism to Haredi Judaism; and from Jewish Renewal to Karaite Judaism and Samaritan religion.

To some degree, the religions that are most closely related to Judaism are also treated here; this goes in particular for the monotheistic religions Sikhism, Bahá’í and Islam.

Hassafon started as a link page under the name “Skrivarstuå Judaica” towards the end of the 1990s. Since then, the contents have been gradually steered away from the link page format and transformed into articles. With the establishment of the wiki version in January 2006, the official long-term goal for Hassafon is for it to become a comprehensive and independent Jewish reference work.

 

Inntil vidare ligg ein del innhald på den gamle nettstaden på http://utne.nvg.org/j/