Prinsesse Diana av Wales
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Diana av Wales | |
Prinsesse Diana i 1995. |
|
| Prinsesse av Wales | |
| Fødenamn | Diana Frances Spencer |
| Titlar | Prinsesse av Wales |
| Fødd | 1. juli 1961, Park House i England i Storbritannia |
| Død | 31. august 1997, Paris i Frankrike |
| Gravlagd | 6. september 1997, Althorp i Northamptonshire |
| Ektefelle | Charles av Wales (1981 – 1996) |
| Far | John Spencer, 8. jarl Spencer |
| Mor | Frances Shand Kydd |
| Born | William av Wales Harry av Wales |
Prinsesse Diana av Wales (1. juli 1961–31. august 1997) var den første ektefellen til den britiske tronarvingen prins Charles av Wales. Dei fekk to søner, prinsane William og Harry, nummer to og tre i arverekkefølga til den britiske trona og 15 andre samveldeland.
Diana Spencer kom frå ein gammal engelsk adelsfamilie og blei verdskjend frå trulovinga si med prins Charles i 1981. Diana var ei særs folkekjær prinsesse og engasjerte seg i veldedig arbeid som Den internasjonale kampanjen mot landminer og barnesjukehuset Great Ormond Street Hospital. Ho fann likevel livet som kongeleg og gift med prins Charles vanskeleg, og ekteparet skilde seg i 1996. Då ho døydde i ei bilulukke året etter reagerte folk i Storbritannia med stor, offentleg sorg.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Diana, Princess of Wales» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2010.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Prinsesse Diana av Wales» frå Wikipedia på bokmål, den 20. november 2008.
|

