close
Hopp til innhald

Klin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For fjellet i Slovakia, sjå Klin i Tatra.
Klin
Клин
by
Image
Image
Flagg
Image
Våpenskjold
Land Image Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Høgd 160 m
Areal 17 km²
Folketal 88 425 (2024)
Først nemnd i 1317
   Bystatus 1781
Postnummer 141600–141613
Retningsnummer (+7) 49624
Kart
Klin
56°20′02″N 36°42′45″E / 56.333888888889°N 36.7125°E / 56.333888888889; 36.7125
Wikimedia Commons: Klin, Klinsky District, Moscow Oblast

Klin (russisk Клин) er ein by i Moskva oblast i Russland. Han ligg 85 km nordvest for Moskva.

Klin har vore kjend sidan 1317. I 1482 vart han innlemma i Storfyrstedømet Moskva saman med resten av fyrstedømet Tver. Av dei mange kyrkjene i byen er den mest merkverdige 1500-talskyrkja i Maria Himmelfartsklosteret og den barokke Gjenoppstandelseskatedralen frå 1712.

Image
Tsjaikovskij-museet i Klin.

Byen er best kjend som bustaden til komponisten Pjotr Tsjajkovskij. Bustaden hans er i dag omgjort til museum. Det var her han skapte sine kjende ballettar Tornerose og Nøtteknekkeren. Klin vart kortvarig erobra av tyske styrkar under slaget om Moskva i 1941.

Den russiske hovudvegen M10, som går frå Moskva til St. Petersburg, samt jernbanen mellom dei to byane, går gjennom Klin. Under den kalde krigen låg Klin flybase ved byen.

Det ligg eit stort bryggeri i byen, som produserer ølmerket Klinskoje.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Image Commons har multimedium som gjeld: Klin