Budapest
| Budapest | |||
| hovudstad | |||
|
|||
| Kallenamn: «Donaus perle», «Dronninga av Donau», «Hjarta av Europa», «Fridomshovudstaden» | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Statistisk region | Sentral-Ungarn | ||
| Høgd | 102 m | ||
| Areal | 525,14 km² | ||
| Folketal | 1 685 342 (2022[1]) | ||
| Grunnlagd | 89 e.Kr. | ||
| Postnummer | 1010–1239 | ||
| Retningsnummer | 061 | ||
![]() Budapest 47°29′54″N 19°02′27″E / 47.498333333333°N 19.040833333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Budapest | |||
Budapest er hovudstaden i Ungarn. Han blr rekna på same nivå som dei 19 fylka (vármegye)[a] landet er delt inn i. Budapest er samstundes ein statistisk region i Ungarn og inngår i storregionen Sentral-Ungarn. Opphavleg var heile Sentral-Ungarn éin region, men han er seinare delt opp i dei to regionane Budapest og Pest fylke.[3]
Namnet er sett saman av namna på to byar, Buda og Pest, som ligg på kvar si side av elva Donau. Byen breier seg over eit areal på vel 500 kvadratkilometer. På Buda-sida ligg Gellert-berget med citadellet, borghaugen med det gigantiske slottskomplekset og bydelen bak Matthias-kyrkja. På den flate Pest-sida ligg parlamentet, forretningar og administrasjonsbygningar, dei praktfulle hovudgatene og dei store bustadkvartera. Byen hadde 1,7 millionar innbyggjarar i 2007.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Romarane grunnla byen Aquincum omkring år 89 evt., der ein keltisk by tidlegare hadde lege. Frå år 106 til 300-talet var Aquincum hovudstaden i den romerske provinsen Pannonia. Contra Aquincum (eller Trans Aquincum) var det noverande Pest.
Omkring år 900 kom magyarane, forfedrane til dei moderne ungararane, til området. I mellomalderen vart dei to byane Buda og Pest viktige. Buda vart sete for eit kongeleg slott i 1247, og i 1361 vart byen hovudstad i Ungarn. Pest vart øydelagd av mongolane i 1241, men vart fort oppattreist.
Det osmanske riket si erobring av Ungarn på 1500-talet avbraut veksten til byane: Pest fall til osmanane i 1526 og Buda fall 15 år seinare. Buda vart hovudstad for ein osmansk guvernør, medan Pest vart forlaten inntil habsburgarane tok seg inn byen i 1686.
Det var Pest, heimstad for administrasjon sidan 1723, som voks snøggast på 1700- og 1800-talet. I 1800 var Pest større enn Buda og Óbuda til saman. Folketalet til Pest 20-dobla seg på 1800-talet til 600 000, medan folketalet til Buda og Óbuda berre var 4 gonger større i 1900 enn i 1800.
Samanslåinga av dei tre byane under éi kommunal leiing, først gjennomført av den revolusjonære ungarske regjeringa i 1849, men endra tilbake av den habsburgske leiinga, vart til slutt slått fast av den ungarske kongelege regjeringa, etablert under den austerriksk-ungarske Ausgleich i 1867. Folketalet i den nye byen, Budapest, voks 7 gonger i storleik frå 1840 til 1900 til 730 000. Budapest var ein retteleg imperial by, ved at byen var hovudstad i den ungarske delen av Austerrike-Ungarn. Den ungarske regjeringa var ein viktig styringsreiskap for keisarriket. Mange av dei største bygningane i byen stammar frå 1800-talet
I løpet av 1900-talet voks folketalet særleg i forstadene. Folketalet i Újpest dobla seg frå 1890 til 1910 og Kispest firedobla seg frå 1900 til 1920, fordi det meste av industrien i landet vart lagt til byen. Landet sine store menneskelege tap i første verdskrigen og Ungarn sine tap av store landområde i 1920 var berre mellombelse problem. Byen var no hovudstad i eit mindre, men sjølvstendig land.
Omkring ein tredel av Budapest sine 200 000 jødar døydde i andre verdskrigen etter Tyskland sin okkupasjon i 1944. Budapest vart kraftig øydelagd under den sovjetiske omleiringa i 1944. Byen kom på fote att i 1950- og 1960-åra under den kommunistiske regjeringa, og vart delvis eit utstillingsvindauge for framvising av regjeringa sin meir pragmatiske politikk frå og med 1960-åra. Sidan 1980-åra og kommunismens fall har byen, som heile landet, vore ramma av fråflytting.
Bydistrikt
[endre | endre wikiteksten]
Budapest er administrativt delt inn i 23 bydistrikt (kerület):
| Bydistrikt | Ungarsk namn | Areal[4] (km²) | Innbyggjarar[1] (2022) | Del av | |
|---|---|---|---|---|---|
| Bydistrikt 1 | I. kerület | Budavár | 3,41 | 23 685 | Buda |
| Bydistrikt 2 | II. kerület | – | 36,34 | 86 567 | Buda |
| Bydistrikt 3 | III. kerület | Óbuda–Békásmegyer | 39,70 | 124 746 | Buda |
| Bydistrikt 4 | IV. kerület | Újpest | 18,82 | 94 391 | Pest |
| Bydistrikt 5 | V. kerület | Belváros-Lipótváros | 2,59 | 21 931 | Pest |
| Bydistrikt 6 | VI. kerület | Terézváros | 2,38 | 35 441 | Pest |
| Bydistrikt 7 | VII. kerület | Erzsébetváros | 2,09 | 48 943 | Pest |
| Bydistrikt 8 | VIII. kerület | Józsefváros | 6,85 | 70 048 | Pest |
| Bydistrikt 9 | IX. kerület | Ferencváros | 12,53 | 59 588 | Pest |
| Bydistrikt 10 | X. kerület | Kőbánya | 32,49 | 75 628 | Pest |
| Bydistrikt 11 | XI. kerület | Újbuda | 33,49 | 141 090 | Buda |
| Bydistrikt 12 | XII. kerület | Hegyvidék | 26,67 | 57 295 | Buda |
| Bydistrikt 13 | XIII. kerület | – | 13,44 | 122 973 | Pest |
| Bydistrikt 14 | XIV. kerület | Zugló | 18,13 | 118 705 | Pest |
| Bydistrikt 15 | XV. kerület | Rákospalota-Pestújhely-Újpalota | 26,94 | 77 091 | Pest |
| Bydistrikt 16 | XVI. kerület | – | 33,51 | 73 270 | Pest |
| Bydistrikt 17 | XVII. kerület | Rákosmente | 54,82 | 84 922 | Pest |
| Bydistrikt 18 | XVIII. kerület | Pestszentlőrinc-Pestszentimre | 38,60 | 99 400 | Pest |
| Bydistrikt 19 | XIX. kerület | Kispest | 9,38 | 56 507 | Pest |
| Bydistrikt 20 | XX. kerület | Pesterzsébet | 12,19 | 63 512 | Pest |
| Bydistrikt 21 | XXI. kerület | Csepel | 25,75 | 70 442 | Csepel |
| Bydistrikt 22 | XXII. kerület | Budafok-Tétény | 34,25 | 56 534 | Buda |
| Bydistrikt 23 | XXIII. kerület | Soroksár | 40,77 | 22 633 | Pest |
| Sum | 525,14 | 1 685 342 | |||
Margaretøya inngjekk tidlegare i bydistrikt 13, men blir no administrert direkte av Budapest kommune som friareal.
Historiske folketal
[endre | endre wikiteksten]- 1800: 54 200 innbyggjarar
- 1830: 102 700
- 1850: 178 000
- 1880: 370 800
- 1900: 733 400
- 1925: 957 800
- 1985: 2 000 007
Folketalet i bydistrikta ved dei siste folketeljingane:[1]
| Folketal 2001 | Folketal 2011 | Folketal 2022 | |
|---|---|---|---|
| Bydistrikt 1 | 25 914 | 24 158 | 23 685 |
| Bydistrikt 2 | 92 520 | 87 744 | 86 567 |
| Bydistrikt 3 | 131 605 | 126 478 | 124 746 |
| Bydistrikt 4 | 103 492 | 98 284 | 94 391 |
| Bydistrikt 5 | 28 948 | 25 210 | 21 931 |
| Bydistrikt 6 | 44 137 | 38 319 | 35 441 |
| Bydistrikt 7 | 64 137 | 56 093 | 48 943 |
| Bydistrikt 8 | 81 787 | 76 250 | 70 048 |
| Bydistrikt 9 | 62 995 | 61 553 | 59 588 |
| Bydistrikt 10 | 80 852 | 80 978 | 75 628 |
| Bydistrikt 11 | 144 441 | 143 165 | 141 090 |
| Bydistrikt 12 | 61 763 | 57 709 | 57 295 |
| Bydistrikt 13 | 114 353 | 119 057 | 122 973 |
| Bydistrikt 14 | 123 510 | 127 010 | 118 705 |
| Bydistrikt 15 | 85 232 | 79 645 | 77 091 |
| Bydistrikt 16 | 71 028 | 71 180 | 73 270 |
| Bydistrikt 17 | 79 989 | 84 381 | 84 922 |
| Bydistrikt 18 | 96 353 | 98 499 | 99 400 |
| Bydistrikt 19 | 63 810 | 59 055 | 56 507 |
| Bydistrikt 20 | 65 295 | 64 358 | 63 512 |
| Bydistrikt 21 | 80 982 | 75 055 | 70 442 |
| Bydistrikt 22 | 52 548 | 53 704 | 56 534 |
| Bydistrikt 23 | 20 697 | 21 155 | 22 633 |
| Budapest | 1 777 921 | 1 729 040 | 1 685 342 |
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «Census database: Population data by settlement». Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). Henta 23. september 2025.
- ↑ «Report of Hungary» (PDF). FN (på engelsk). United Nations Group of Experts on Geographical Names. 24. januar 2023. Henta 24. september 2025.
- ↑ «Pest megye kikiáltotta a függetlenségét (Pest fylke erklærte sjølvstende)». ORIGO. 29. januar 2016. Henta 23. september 2025.
- ↑ «Magyarország közigazgatási helynévkönyve 2019. január 1. (Administrative stadnamn 1. januar 2019)» (PDF). ksh.hu (på ungarsk og engelsk). Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). 1. januar 2019. Henta 24. september 2025.
